Adresse:
Hardanger Saft-
og Siderfabrikk

Lekve Gard, Ulvik
v. Nils J. Lekve
5730 Ulvik
tlf. 56 52 61 61
mobil. 901 22 835
faks. 56 52 68 68
send mail

Lekve gard

P5100071
Garden Lekve ligg i ei sørvendt helling innerst i Ulvikafjorden i Hardanger med dei beste klimatiske tilhøva for fruktdyrking.

LEKVE GARD I ULVIK

ligg innerst i Ulvikafjorden i Hardanger. Garden har lang tradisjon for fruktdyrking og heile garden er i dag planta til med frukt. Garden Lekve ligg i ei sørvendt helling med beste klimatiske tilhøve for fruktdyrking. Ein god del av garden er brattlendt og dette medfører store utfordringar på den driftstekniske sida.

GAMMAL FRUKTGARD

Frå gammalt av var det fruktdyrking på Lekve; eple, pære, plommer og moreller. I dag er det eple og plommer.

FRÅ FRUKT- TIL SIDERBONDE

Med utgangspunkt i frukt på garden vil ein vidareforedla og skapa produkt som har lange tradisjonar i Hardanger.
Frå 2004 har eplemost og siderproduksjon vorte ein svært viktig del av drifta på garden. I 2009 begynnte produksjon av eplebrennevin som ein naturleg del av produktutviklinga. Seinare er det utvikla fleire nye produkt.

_DSC5457
Tidlegare fruktbonde Nils Lekve er no både fruktbonde og
produsent av saft, sider og eplebrennevin.
Utsikt frå eplehagen. Ulvikafjorden med Holmen og gartneria på Hjeltnes til venstre.