Adresse:
Hardanger Saft-
og Siderfabrikk

Lekve Gard, Ulvik
v. Nils J. Lekve
5730 Ulvik
tlf. 56 52 61 61
mobil. 901 22 835
send mail

Hardangersider

njl5-siderglas
Sider er sagnomsust og nær knytt til Hardanger. HardangerSider frå Ulvik er laga etter gammal oppskrft på moderne vis.

SAGNOMSUST DRIKK

Dei fleste gardane i Hardanger har si hemmelege oppskrift på sterk og god sider. Epledyrking og siderproduksjon har vore tradisjon i Hardanger heilt sidan 1200-talet då epledyrkinga og siderkunsten kom til Hardanger med munkane.

BEHAGELEG OG STERK

God og ekte hardangersider skal vera produsert med naturleg gjæring. Sideren skal smaka eple, den skal ha god lukt av friske eple når ein opnar flaska og vera klår og brusa lett med det same den kjem i glaset. Sideren skal vera behageleg å drikka.
HardangerSider frå Lekve  vert produsert i 3 variantar.

Kjøp av Hardangersider.

No er det mogleg å få kjøpa Hardanger sider på fabrikken.

Åpningstidene er måndag til laurdag 10-17.

Søndag stengt.

Sider er også på Vinonopolet i fleire variantar



njl5-sider3
Hardanger Saft og Siderfabrikk brukar spesiallaga ståltankar til produksjon av sider. Eplesafta vert sett til gjæring om hausten og er ferdig til tapping våren etter. Sideren skal ha god lukt av friske eple når ein opnar flaska, vera klår og brusa lett når den kjem i glaset.
njl5-siderglass
HardangerSider er velegna i godt lag, som velkomstdrink, til god mat eller åleine. Du får HardangerSider i to variantar, tradisjonell og sprudlande.