Adresse:
Hardanger Saft-
og Siderfabrikk

Lekve Gard, Ulvik
v. Nils J. Lekve
5730 Ulvik
tlf. 56 52 61 61
mobil. 901 22 835
faks. 56 52 68 68
send mail

"GJER DET SJØLV"

SIDERDUNKEN - PAKKE

Lag sider sjølv!

Ferdig pakkeløysing for deg som vil laga sider sjølv. Nok til 30 liter.
Inkludert i pakken er ein spesial-laga siderdunk av hardplast på 30 liter og det du treng av utstyr til gjæring.
Råsaft nok til 30 liter sider er inkludert.
I pakken finn du nøyaktig oppskrift på framgangsmåte.

"Siderpakke gjer det sjølv"
med 30 liter saft, siderdunk med
gjærlås og oppskrift

Bestilling
  siderdunk

RÅSAFT ER FERSKVARE

Nypressa, ubehandla eplesaft vert kalla råsaft. Den kan anten drikkast slik den er, pasteuriserast, eller nyttast til sider. Ubehandla råsaft er ferskvare og held seg berre i nokre få dagar før den byrjar å gjæra. Råsafta kan frysast, men må då nyttast med ein gong den er tina. Søtinnhaldet varierer frå år til år alt etter kor mykje sukker det er i epla.

Me sel og pressar råsaft på bestilling.

Bestilling
 

ME TEK I MOT EPLE TIL PRESSING

Har du minimum 1000 kg eple du vil ha pressa kan me gjera dette for deg etter avtale.
 

GODE RÅD

For å laga sider treng ein god, fersk eplesaft og reine kjerald. Eplesafta MÅ vera ubehandla. Når gjærsoppen som finst i epla naturleg får veksa på det naturlege sukkeret i epla, vert det danna etanol, alkohol.
Unngå oksygen som kan føra til eddikk. Gjæringstempratur er 8 -10 grader. Gjæringa tek lang tid, men den som har tolmod, vert lønna med ein sider med rik smak.