Adresse:
Hardanger Saft-
og Siderfabrikk

Lekve Gard, Ulvik
v. Nils J. Lekve
5730 Ulvik
tlf. 56 52 61 61
mobil. 901 22 835
faks. 56 52 68 68
send mail

Presseriet

Nye, gamle oppskrifter

Ein moderne og sikker saft- og siderproduksjon krev godt utstyr. Produkta våre er basert på gamle oppskrifter, men for å sikra best kvalitet og ein stabil produksjon har me kjøpt inn spesialutstyr .

900 kg eple i timen

Anlegget har kapasitet for å pressa ca 3000- 5000 liter saft pr dag. Presseprosessen går heile tida automatisk og tek ca. 900 kg eple i timen. Epla vert vaska, mosa og pressa i ein heilautomatisk prosess. Omlag 75 prosent av eplet vert omgjort til saft, resten går til dyrefór.

KARTONGSAFT TIL BUTIKKEN

Totalt produserer me 70.- 100.000 liter råsaft årleg. I tillegg kjem sal av fersksaft til kundar og til eigen siderproduksjon. Pasteuriserings-maskina er svært avansert og tek hand om oppvarminga av safta. Denne er justert til optimal temperatur der safta held seg over lang tid, utan å missa smak, kvalitet og næringsinnhald. Deretter vert safta tappa på kartongar.

SIDERTANKAR PÅ 5000 LITER

Av den ubehandla safta (råsafta) vert noko selt til privat bruk for ?gjer det sjølv? sider, resten vert plassert i dei store ståltankane på 5000 liter for siderproduksjon. Her skal sideren godgjera seg fram til våren og helst endå lengre.

GODT PRODUKT KREV FAGKUNNSKAP

Spesielt siderproduksjonen kan vera ustabil og risikabel. Mykje av produksjonen er rein fagkunnskap.


Spesielt siderproduksjonen kan vera ustabil og risikabel. Mykje av produksjonen er rein fagkunnskap.
Kvar ståltank har plass til 2500 liter med sider.
Eplepressa kan pressa ca. 3000 liter saft kvar dag.
Vaske- og mosemaskin for eple