Adresse:
Hardanger Saft-
og Siderfabrikk

Lekve Gard, Ulvik
v. Nils J. Lekve
5730 Ulvik
tlf. 56 52 61 61
mobil. 901 22 835
faks. 56 52 68 68
send mail

Eplesortar på garden

Kronprins

Modning og brukstid er første halvdel av september. Kronprins er ein mutant av Raud prins. Epla er middels store. Fruktforma er tiltalande, flatrund til meir kjegleforma. Kvaliteten er god på velutvikla eple, kvitt, sprøtt fruktkjøt. Saftig og søt. Ikkje egna til langtidslagring.
Mest utbreidd i Hardanger.
Opprinnelse: Hardanger, gammal sort.
 

Discovery

Sorten modnar normalt i første veka av september og har lengre brukstid enn Prins. Discovery er eit middels stort, særs vakkert og velforma eple. Grunnfargen er gul som ofte er dekka av ein raud dekkfarge.
Fruktkjøtet er fast og saftig med framifrå smakskvalitet. Søt og god.
Kan ved gode tilhøve lagrast i fleire veker.
Oppr. England, 1962. Til Norge 1974.
 

Summerred

Moden i siste halvdel av september og har brukstid september til november. Frukta er middels stor og epla er noko høgbygde. Normalt er frukta dekka med klar, raud dekkfarge. Fruktkjøtet er kremgult og kvaliteten svært god. Middels fast, sprøtt og saftig fruktkjøt. Kan lagrast 1-2 månader ved gode tilhøve.
Oppr. Canada, 1960-talet.
 

Raud Gravenstein

Moden siste halvdel av september og har brukstid september - november. Epla er store. Raud Gravenstein er eit saftig, lett syrleg eple med framifrå kvalitet. Frisk, god lukt.
Lagring 1-2 månader.
Oppr. Danmark, til Norge 1600-talet.
Gammal sort.
 

Aroma

Moden siste del av september eller byrjinga av oktober. Brukstida er oktober - desember.
Eplet er rundt til flatrundt. Middels stor, men kan vere svært stor på unge tre. Velutvikla Aroma er eit aromatisk og svært godt eple.
God til lagrging, framifrå juleeple.
Oppr. Sverige, 1957.