Adresse:
Hardanger Saft-
og Siderfabrikk

Lekve Gard, Ulvik
v. Nils J. Lekve
5730 Ulvik
tlf. 56 52 61 61
mobil. 901 22 835
faks. 56 52 68 68
send mail

eplemost  frå hardanger

Etter pressinga vert safta grovfiltrert, og safta vil ofte innehalda lett synlege fruktkjøtpartiklar. Desse er viktige for smaken og næringsinnhaldet, men gjer at safta ikkje vert heilt klar.

EI SMAKSOPPLEVING!

For å sikra ein god kvalitet på eplemosten, brukar verksemda berre godt utvikla eple. Etter pressinga vert safta grovfiltrert. Dette gjer at mest mogleg av smak og næringsinnhald vert teke vare på. Smaken på eplemosten kan variera etter kva sort eller sortar i blanding som vert brukt. I hovudsak er det sortane Gravenstein, Summerred og Aroma som er brukt.

HEILT UTAN TILSETJINGAR

Eplemosten er eit 100 % reint naturprodukt frå Hardanger, det er ikkje tilsett sukker eller andre tilsetjingar av noko slag.
For å unngå gjæringsprosess i safta er den varma opp (pasteurisert) og deretter tappa på ?vin-kartong?. Dette gjer at produktet held seg i minst 2 år etter produksjonsdato i uopna emballasje.
Vert tappa og seld i 3 liters kartongar.

I EIN BUTIKK NÆR DEG

Eplemosten er pr. i dag til sals hjå  dei fleste butikkjedene i Hordaland fylke. I Oslo kan du finne den hjå Mat & Mer Bjølsen , dei fleste ICA Supermarked og Spar Kjelsås.
Du kan også bestilla den på nettet , så sender vi den i posten.


Eplesafta får søtsmaken sin frå gode, solmogne Hardangereple.
Safta er eit 100 % reint natur-produkt og er ikkje tilsett sukker eller andre søtstoff.
Eplesafta vert tappa på praktiske 3-liters kartongar og held seg i minst 2 år uopna.
Eplesafta er til sals hjå fleire butikkjeder, du kan og bestilla direkte frå garden.
Sjå og forhandlarliste. (LINK)